STENGD: Fylkesveg 53 ved Holsbru mellom Tyin og Årdal blir stengd natt til tysdsg. Biletet er frå Ljoteli.

Fylkesveg 53 blir stengd ved Holsbru

Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal vil bli stengd ved Holsbru natt til tysdag.

Publisert 07.09.2018 kl. 06.03.

Vegen er stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid mellom 22.30 og 05.00, opplyser Statens vegvesen i ei melding.


Elles held vegarbeidet fram på E16 i Gudvangatunnelen og Flengjatunnelen og kan bli stengd i periodar på 90 minutt mellom klokka 22.00 og 06.00 neste dag.


Natt til laurdag blir det også arbeid på riksveg 5 i Frudalstunnelen og Bergtunnelen mellom klokka 18.00 og 06.00.


Køyrer du riksveg 13 ved Goteviki, må du rekna med halvtimes ventetid på grunn av vegarbeid.


 


Les meir om: Nyhende Samferdsle Årdal