DELVIS INNSYN: Fylkesmannen gjev innsyn i delar av rapporten om Sogn barnevern. (Arkivfoto)

Fylkesmannen gjev delvis innsyn i rapporten

Fylkesmannen har etter klagehandsaminga gjeve innsyn i delar av rapporten med unntak av teiepliktige opplysningar.

Publisert 27.12.2017 kl. 14.49. Oppdatert kl. 15.19.

Det skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.


Sogndal kommune må vurdera utvida innsyn for tilsette og tidlegare tilsette som har delteke ved intervjua som er gjennomførte som ledd i granskinga.


Saka gjeld spørsmål om innsyn i ein rapport 19. oktober utarbeidd av Arbeidsmiljøspesialistane på oppdrag frå Sogndal kommune. Kommunen har avslege innsynskrav, av omsyn til teieplikt og forsvarleg personalforvaltning.


Mange klager

Fylkesmannen har handsama mange klager som gjeld dette, både frå tilsette og tidlegare tilsette ved Sogn barnevern, og andre.


- Me har kome til at delar av rapporten bør vere offentleg. Fylkesmannen meiner at kommunen både kan og bør gje allmenta innsyn i dei delane av rapporten som ikkje inneheld teiepliktige opplysningar, og dei delane av rapporten der det er mogleg å sladde dei teiepliktige opplysningane utan at det går vesentleg ut over innhaldet. Me har på bakgrunn av dette gjeve innsyn i innleiinga, dei rettslege og faglege rammer for vurderingane, og konklusjonane, med unntak av teiepliktige opplysningar.


Må gjera nytt vedtak

Kommunen har ikkje teke stilling til spørsmålet om utvida innsynsrett for tilsette og tidlegare tilsette som har delteke ved granskinga. I dei sakene der dette er aktuelt, har Fylkesmannen oppheva kommunens vedtak og bedt kommunen gjere nytt vedtak om dette.


Les òg: Gir ikkje innsyn i rapporten


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal