Full fart og rekorddeltaking i Vangane Opp

Friidrettsgruppa i Lærdal arrangerte Vangane Opp saman med Barnas Turlag søndag. Sjå biletserie.

Publisert 15.04.2018 kl. 17.56. Oppdatert kl. 18.12.

Det var rekordmange deltakarar som stilte til start då Vangane Opp vart arrangert for niande gong i strålande sol søndag.


Vangane Opp er eit eige motbakkeløp for barn og ungdom i Lærdal.


- Det var ein kjempedag med knallsol, 16 varmegrader og vindstille. Det var eit yrande folkeliv på Øvre Vangen. Det er me kjempeglade for, seier arrnagør Bjørghild Holien i friidrettsgruppa i Lærdal.


Totalt var det 28 ungar som starta på tid.


Edvard Olsen Tjønn var raskast til topps på tida 5.46 minutt. Nummer to vart fjorårsvinnar Knut Blaaflat Evjestad som kom i mål fire sekund etter vinnaren. Tredje raskaste var Per Husdal som sprang inn til bronsemedalje på tida 6.04. Etter dette kom resten av løparane på rekkje og rad.


- Alle fekk medalje for god innsats. Barnas Turlag hadde også bålpanne, der folk grilla og kosa seg i det varme og fine vêret. Om lag 140 personar samla seg på Øvre Vangen med leik og sosialt samvær etter løpet, seier Holien som rosar Barnas Turlag for samarbeidet.


Les meir om: Sport Lærdal Løp

Siste saker Gå til framsida