LIKAR IKKJE: Emma Jarstadmarken likar dårleg fråværsgrensa ved vidaregåande skule. (Foto: Hanne Stedje)

Ein god politikar skal vera ærleg

Emma Jarstadmarken (18) følgjer ekstra mykje med i media før ho no skal nytta røysteretten for første gong.

Publisert 05.09.2017 kl. 09.09.

Førstegangsveljaren

Namn: Emma Jarstadmarken


Alder: 18 år


Bustad: Årdalstangen


Driv med: 3. klasse på studiespesialiserande.

- Kva er ditt forhold til politikk?


- Eg prøver å følgja med, og no når eg skal stemma første gang vil eg følgja meir med på debattar og liknande.


- Frå kva medium når politikarane fram til deg med sin bodskap?


- Mest på sosiale medium som Facebook og Snapchat.


- Kva tykkjer du om dagens politikarar?


- Det er mykje forskjellig, dei kranglar mykje.


- Kva bør politikarar gjera for å nå fram til unge veljarar?


- Fokusera på saker som anngår oss og som engasjerar oss.


- Kvifor er det viktig å røysta?


- Fordi det gjer det rettferdig for at alle skal få det som dei vil i demokratiet.


- Kvifor trur du nokon let vera å røysta?


- Ofte er ein anten ueinige i alt, eller så gidd dei ikkje å setta seg inn i politikken.


- Korleis har du førebudd deg på kva du skal røysta?


- Eg har følgt ekstra mykje med den siste månaden som å sjå debattar og lesa på nett og i media.


- Får unge nok informasjon i forkant av valet?


- Det er vanskeleg å finne ut kva kven står for. Ofte fordi det er litt vanskeleg forklart. Politikarar er flinke til å prøva å overtyda oss eller få oss over på deira side.


- Kva bør røystealderen vera?


- Eg er litt usikker, men kommunalt kan det vera 16 år for da er det mindre omfang og det har meir å sei for dei unge direkte.


- Korleis tykkjer du fråværsgrensa fungerer?


- Eg likar den ikkje, den er ikkje noko rettferdig. Då eg til dømes hadde mange køyretimar og difor fekk mykje fråvær, nådde nesten fråværsgrensa i enkelte fag. Endå eg veldig sjeldan er vekke frå skulen! 


- Kva er ein god politikar for deg?


- Ein som er ærleg og gjennomfører det dei seier og ikkje endrar meinig.


- Kven tykkjer du burde bli statsminister i Noreg?


- Jonas Gahr Støre.


- Kva ville du gjort om du var statsminister i Noreg for ein dag?


- Då ville eg ha endra fråværsgrensa!


- Skal du bruka røysteretten din?


- Ja, sjølvsagt. Det er viktig å røysta!


 


Les meir om: Nyhende Ung Årdal Val2017

Siste saker Gå til framsida