INNSTILT FLY: Flyet som skulle gått frå Haukåsen til Oslo klokka 07.05 fredag er innstilt. Bergensflyet går 40 minuttar etter ruta, det vil seia at det tek av frå Haukåsen klokka 07.45. (Arkivfoto)

Første flyet til Oslo fredag er innstilt

Flyet som skulle gå til Oslo klokka 07.05 fredag er innstilt.

Publisert 09.02.2018 kl. 06.08.

Widerøe melder fredags morgon at flyet som skulle koma til Sogndal lufthamn frå Sandane klokka 06.50 er innstilt. Dette betyr at første avgangen frå Sogndal til Oslo, klokka07.05, også er innstilt.


Samstundes blir det også meldt om at morgonflyet frå Oslo til Sogndal ikkje landar på Sogndal lufthamn før klokka 0730. Det vil seia 40 minuttar etter ruta. Ei følgje av dette er at første avgangen frå Sogndal til Bergen blir 40 minuttar etter ruta. Bergensflyet går då klokka 07.45 i dag.