FRI FERDSEL: Måndag morgon er det fri ferdsel både på Filefjell (biletet) og Hemsedalsfjellet. Biletet er teke ved Smedalen like etter klokka 06.00 måndag morgon. (Webkamera:Statens vegvesen)

Fri ferdsel på Filefjell og Hemsedalsfjellet

Vêret har roa seg, og seint søndag kveld vart E16 over Filefjell opna for fri ferdsel att.

Publisert 08.01.2018 kl. 06.30. Oppdatert kl. 06.53.

Slik ser det ut på dei vinteropne fjellovergangane i midtre- og indre Sogn måndag morgon, ifølgje Statens vegvesens trafikkmeldingar: 


E16 Filefjel


Fri ferdsel. Snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det minus 2 grader, frisk bris og lette snøbyger.


Rv. 13 Vikafjellet


Stengt på grunn av snøras og fare for ras. Ny vurdering måndag klokka 14:00.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Fri ferdsel: Snø- og isdekke. Klokka 05:26 var det minus 2 grader, lett bris og lette snøbyger.


Fv. 50 Hol - Aurland


Stengt på grunn av uvêr.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering klokka 12:00 måndag.