FRI FERDSEL: E16 over Filefjell er einaste vegsambandet aust-vest med froferdsel torsdag føremiddag. BIletet er teke ved Smedalen i dag. (Webkamera: Statens vegvsen)

Fri ferdsel berre på Filefjell

Torsdag føremiddag er det berre E16 over Filefjell som er open for fri ferdsel.

Publisert 15.02.2018 kl. 11.47.

Sterk vind i fjellet gjer at både riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 50 Hol-Aurland og fylkesveg 53 Årdal-Tyin er stengde torsdag føremiddag. I tillegg har riksveg 13 over Vikafjellet vore stengd sidan onsdag.


Europaveg 16 over Filefjell er soleis det einaste vegsambandet aust-vest i Sør Noreg som er ope for fri ferdsel.


Riksveg 7 over Hardangerviddda er stengd torsdag føremiddag, medan det er kolonnekøyring både på E134 over Haukelifjell og riksveg 15 over Strynefjellet.


Sjå oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen her.