VARMT: Fredag kan det vera lurt å kjøla seg ned, det blir truleg den varmaste dagen så langt i år. (Arkivfoto)

Fredag kan bli den varmaste dagen så langt i år

Fredag kan det bli over 30 grader fleire stader i Sogn og Fjordane.

Publisert 26.07.2018 kl. 17.52. Oppdatert kl. 17.54.

- Det kan bli årets varmaste dag, seier vakthavande meteorolog, Haldis Berge, ved vêrvarslinga på Vestlandet.


Fredag blir det varmt over heile Sør-Noreg og flerie varmerekordar står i fare for å bli slegne.


- Også laurdag blir det varmt, men då er det fare for ettermiddagsbyger og moglegheiter for torden, seier meteorologen.

HEILE LANDET: Fredag blir det høge temperaturar i heile landet. (Foto: Meteorologene)

Kraftig vind i fjellet

Laurdag vil også vinda auka på, særleg i fjellet.


- Det blir austleg stiv kuling i fjellområda i Sør- Noreg. Det er greit å vita om for dei som har planar om tur i fjellet.


- Natt til søndag blir det regn og regnbyger, men dei vil gje seg utover søndag ettermiddag, seier meteorologen.


Les meir om: Nyhende Vêr

Siste saker Gå til framsida