Førde får behalda konfliktrådet

Publisert 12.09.2018 kl. 19.45.

Onsdag vart det bestemt at regjeringa ikkje vil gjera noko med strukturen til konfliktråda. Det betyr at Førde får behalda kontoret sitt.


Bakgrunnen er ei utgreining i Justisdepartementet som konkluderte motsett, der vart det anbefalt å ta ned kontorstrukturen frå dagens 22 til 12. Altså ei harmonisering med talet på politidistrikt.


Dette har Justisdepartementet valt å ikkje gå vidare med, og strukturen med 22 kontor vert sikra.


- Det er svært gledeleg for Sogn og Fjordane at regjeringa vel å ikkje leggje ned konfliktrådet i Førde trass i konklusjonen i utgreiinga. Eg har møtt eit sterkt engasjement om denne saka frå mange fylke i landet, også frå Sogn og Fjordane. Eg har fått anledning til å følgje Konfliktråda si rolle tett det siste året, og har dermed fått eit godt innblikk i det viktige arbeidet dei gjer. Av den grunn har denne saka engasjert meg, og eg er veldig glad for den positive meldinga som kom i dag, seier stortingsrepresentant, Frida Melvær i ei pressemelding.


Konfliktrådet sin nærleik til sentrale samarbeidsinstansar som skule, barnevern og ungdommane sitt andre nærmiljø er ein viktig faktor for suksess. Dette betyr dessutan også at dei viktige stillingane som er knytt til kontoret i Førde blir verande i fylket, seier fylkesleiar i Venstre, Jan Henrik Nygård.


Konfliktrådane gjer ein utruleg viktig jobb, eksempelvis ved å følgje opp ungdom som er dømt til ungdomsstraff. Mange kjem ut i jobb, skule eller utdanning og ut av ei gryande kriminell karriere takka vere den tette oppfølginga i Konfliktrådet, seier talsperson i Frp Lars-Svein Drabløs.


 


Les meir om: Nyhende Notis Politikk