STENGT: Hotel Mundal blir stengt både i 2018 og 2019. (Arkivfoto)

Får støtte til sprinkelanlegg

Publisert 21.02.2018 kl. 12.04.

Hotel Mundal får økonomisk støtte frå Stiftelsen UNI til sprinklaranlegg.


Styret i Stiftelsen UNI har vedteke å gje Hotel Mundal AS 500.000 kroner til sprinkelanlegg.


- Godt bevart

Hotellet i Fjærland har vore i drift sidan 1891. Oppgradering av rom, etablering av bad til gjesteromma, samt utvidingar for å kunne ta imot fleire gjester har vore med på å forma hotellet slik det står fram i dag.


«Til tross for endringer for å tilpasse driften, er mye av hovudtrekka og det karakteristiske ved hotellet fremdeles godt bevart», heiter det i ei pressemelding frå Stiftinga UNI, ei stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne.


Stengt

Naudsynte utbetringar gjer at Hotel Mundal blir stengt både i 2018 og 2019.


- Vedlikehald utført i haust og i vinter, har avdekt at hotellet trengst omfattande utbetringar som ikkje kan utsetjast, skreiv eigaren av Hotel Mundal, Ola Moe, facebooksida til hotellet tidlegare i vinter.


Freding

Moe tok i fjor initiativ til freding av det snart 130 år gamle hotellbygget i Fjærland. Dette resulterte i at kulturavdelinga i fylkeskommunen starta fredingssak for Hotel Mundal i oktober i fjor.


Les meir om: Nyhende Kultur Sogndal

Siste saker Gå til framsida