FÅR KONSESJON: Selskapet Fardal Energi as får konsesjon til å byggja kraftverk i Fardalsvassdraget i Øvre Årdal. (Arkivfoto)

Får konsesjon i Fardalen

Kan gje straum til om lag 2500 husstandar.

Publisert 31.08.2018 kl. 14.54. Oppdatert kl. 15.01.

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Fardal Energi AS løyve til å byggja Fardalen kraftverk.


2500 husstandar

Kraftverket vil produsera om lag 49,5 Gwh i året, noko som svarar til straumbruken til om lag 2500 husstandar.
Det opplyser Norges Vassdrags og energidirektorat i ei pressemelding.

Fardalen kraftverk vil nytta eit fall på 444 meter i Fardalselva - også kjend som Fardøla - mellom inntaket på 485 meter over havet og kraftstasjonen på 41 meter over havet. Vassvegen vil liggja i tunnel, heiter det.


Vil ikkje råka Øvstetunsfossen

I 2013 vedtok kommunestyret i Årdal å gå samrøystes inn for at Fardal Energi as fekk løyve til å byggja ut Fardøla slik selskapet hadde søkt om.
Kommunestyret ønkste ei utbygging der kraftstasjonane blir plasserte såpass høgt over havet at Øvstetunsfossen nederst i vassdraget ikkje vart råka.


God planlegging

- NVE legg vekt på at ei utbyggjing av Fardalen kraftverk vil vera eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Det vil vera nokre ulepmper for naturmangfaldet i og langs elva.
Med slepp av minstevassføring og med stasjonsplassering som planlagd her, vil desse ulempene etter vårt syn vera akseptable, skriv NVE.

- Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner NVE at nytte av tiltaket er større enn skadar og ulemper for almenne og private interesser, heiter det.