FUTSAL-KM: Kaupangerdamene vann bronsefinalen i futsal-KM i Førdehuset laurdag. (Foto: Privat)

Frå fotballfest til futsal-bronse

Kaupangerdamene vann bronse, medan Høyang gjekk til topps i Futsal-KM i Førdehuset laurdag.

Publisert 09.12.2017 kl. 19.59. Oppdatert kl. 20.02.

- Me hadde som mål å koma oss til finalen og vinna den, men får seia oss nøgde med siger i bronsefinalen og pallplass i staden, seier Kaupanger-spelar Stine Gjerde.


Kaupanger, som feira seg sjølv med ein skikkeleg fotballfest fredag kveld, sendte av garde eit ungt lag til Førde under Roger Hjellhaug si leiing laurdag. 


Les også: Vart kåra til årets spelar for andre året på rad


Men det spørst om det blei litt for seint i seng på enkelte av kaupingane natt til laurdag.


Innleiingsvis starta dei med uavgjort mot Stryn 2, før Høyang vart slått 1-0.


I tredje og fjerde kamp i gruppespelet spelte dei uavgjort mot Sandane og Førde.


- Så me var ikkje sikre på avansement. Men dei andre kampane gjekk heldigvis i vår favør, så me  gjekk vidare saman med Høyang, fortel Gjerde.


I semifinalen gjekk dei på sitt første tap då Stryn 1 blei for sterke.


Dermed skulle jentene frå Kaupanger måla krefter mot Studentspretten i bronsefinalen. Her blei det enkel match til dei grønkledde. 


- Då hadde me god kontroll og vann til slutt 3-0, seier Gjerde.


Høyang viste seg fram som det sterkaste laget i dameklassen. Laget frå industribygda slo Stryn 2-1 i finalen.


I herreklassen var det Stryn som vart kretsmeistrar. Dei slo Førde 2 3-1 i kampen om gullmedaljen.


Siste saker Gå til framsida