STORT LØFT: I arbeidet med søknaden til Forskingsrådet har Eirik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft jobba tett med Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. (Foto: Silje Lunde Nesdal)

Får 28 millionar i støtte til teknoløft

Forskingsmiljøa ved HVL og Vestlandsforsking er tildelte opp mot 28 millionar i støtte frå Forskingsrådet.

Publisert 11.12.2017 kl. 06.00.

Midlane er øyremerkt prosjekt om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata.


Seksårig prosjekt

I ei pressemelding frå HVL går det fram at prosjektet Teknoløft skal gå over seks år, og vil først og fremst byggja kompetanse ved dei to institusjonane.


- I den omfattande digitaliseringstrenden me ser no, er det veldig vanskeleg for alle å henge med, men særleg for dei små og mellomstore bedriftene. Digitaliseringa slår inn i alt - råvareproduksjon, produksjonsprosessar og marknadskommunikasjon. Me treng sårt dette løftet i Sogn og Fjordane for å vere konkurransedyktige i framtida, seier Leon Bakkebø frå Sogn og Fjordane Næringsråd, ein av fleire aktørar som er med som støttespelarar.


Godt grunnlag

Etter innspel frå næringslivet, har fagfolka bak prosjektet valt å byggja kompetanse breitt på IT, automatisering og digitalisering, og meir spissa innan robotikk og stordata, der høgskulen og Vestlandsforsking alt har eit godt grunnlag å bygge på i dag. Særleg har arbeidet med den nye IT-utdanninga som kjem i Sogn og Fjordane til hausten vore med og danna grunnlaget for denne nye satsinga.


- Ein av dei viktigaste målsetjingane for prosjektet, er at den kompetansen som blir bygd opp hos oss skal føre til nye innovasjonar og betra konkurransekraft for næringslivet i fylket, seier Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft.


Stort satsingsområde

Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. seier ho er svært glad for sjansen til å auka kompetansen på digitalisering.


- Me veit at digitalisering og automatisering vil vera blant dei store satsingsområda i næringslivet dei komande åra, og at grunnleggjande forståing av teknologien og korleis nytte den best, er avgjerande for utviklinga framover.


- No får me sjansen til å drive langsiktig og strategisk kunnskapsbygging og byggja eit større forskingsmiljø her i fylket på område som er viktige for næringslivet, og vera tettare på der det skjer. At forskingsmiljø og bedrifter får jobba tett saman, tenkjer eg vil gje eit stort løft.


Vil ha med fleire

Både Lunde og Kyrkjebø framhevar at regionalt engasjement var avgjerande for at søknaden fekk gjennomslag i Forskingsrådet. Prosjektet har fått støtte frå mange aktørar i fylket - mellom anna satsar Fylkeskommunen seks millionar kroner og Sparebanken Sogn og Fjordane er inne med to millionar. Vidare bidreg dei to forskingsinstitusjonane også sjølv med midlar, og næringslivet har gitt støtte. Andre samarbeidsaktørar er Kunnskapsparken og SINTEF.


- Mange bedrifter og kompetansemiljø i fylket er alt no med i prosjektet, og me vil gjerne ha med oss fleire. Dette skal vera ein open og inviterande arena for heile fylket, seier Kyrkjebø.


Budsjett på 45 mill.

Prosjektet skal evaluerast etter tre år, og ein må då kunna visa til konkrete resultat før ein får midlane til å fortsette dei siste tre åra. I alt har prosjektet eit budsjett på nærmare 45 millionar kroner.


Lunde og Kyrkjebø ser alt mange konkrete prosjekt og løysingar som kan veksa ut av prosjektet Teknoløft.


- Så langt har vi vore i kontakt med eit tjuetals bedrifter som er med i ei referansegruppe. Dette inkluderer produksjonsbedrifter innan energi, næringsmiddel og marine miljø - i tillegg også gründerbedrifter innan IT og teknologi, fortel Lunde.


Siste saker Gå til framsida