For svake bremser og overlast

Publisert 08.11.2017 kl. 16.51.

Statens vegvesen har hatt kontroll på Håbakken i Lærdal onsdag. 20 køyretøy vart kontrollert, medan 168 køyretøy var inne på kontrollplassen. 


Fem køyretøy fekk skriftlege manglar, medan ein tilhengar fekk bruksforbod for svake bremser og overlast. 


Eit vogntog hadde for lite mønster i dekka, noko som resulterte i eit gebyr til førar. 


To andre førarar fekk gebyr for manglandde vognkort. Det vart også sendt anmodning om kontroll av køyre- og kviletid til tre transportføretak.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida