KLARE FOR SHOW: Theodor og Per Kvikne, kjend som Kjartan Lauritzen, er klare for scena under det store Luttprisshowet på Larris Scene i Førde. Dei er også sjølve nominert til Luttprisen 2017. (Pressefoto)

Følg utdelinga av Luttprisen direkte

Laurdag vert årets artist i Sogn og Fjordane kåra.

Publisert 20.01.2018 kl. 11.00. Oppdatert kl. 17.46.

Sjå sendinga til NRK nedst i denne saka.

Luttprisen skal delast ut på eit direktesendt show frå Førde laurdag med fleire av dei nasjonale artistane frå Sogn og Fjordane på scena.

Der får ein oppleva både Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna og Line Dybedal i løpet av prisutdelinga. Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar, og Iselin Solheim, Alexander Pavelich, musikksjef i NRKP1 Atle Bredal og MGPjr-vinnar Oselie er med som prisutdelarar.

- Planen vår er å laga eit gnistrande show som får deg i feststemning, og som verkeleg viser fram nokre av dei fantastiske musikarane me har frå dette fylket. Denne gjengen er jo like nasjonale som dei er lokale. Luttprisen blir ein flott måte å heidra dei som har engasjert oss i 2017, seier Stian Sjursen Takle, musikksjef i NRK Sogn og Fjordane og prosjektleiar for Luttprisen.

I finalen om prisen i år er Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn, Sjur og Vilde & Anna. 

Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og eit stipend frå Sparebanken Vest. Ein artist vil også under showet få tildelt ein «Vi har trua»-pris, som er eit Furorestipend frå Sparebankstiftinga.

Les òg: To sogningar i kampen om Luttprisen

NRK sender utdelinga av Luttprisen kan du sjå direkte på nett-tv. Sendinga kan du følgja her frå klokka 20:

 

 

Les meir om: Kultur Nyhende Musikk

Siste saker Gå til framsida