FØRSTEVAL: Nær 3.500 søkjarar får førstevalet sitt. Mange av dei skal starta på Sogndal vidaregåande skule (Arkivfoto)

Fleirtalet får førstevalet

- Svært gledeleg, meiner fylkesdirektøren.

Publisert 03.07.2018 kl. 10.43. Oppdatert kl. 10.46.

3.498 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei hadde som førsteval. Dette er 88 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett, går det fram i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

- Også i år kan me tilby fleirtalet av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Over 4.000 med ungdomsrett

Til saman har 4.339 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Av desse har 4.038 ungdomsrett.


41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som fylkeskommunen ikkje tilbyr i vårt fylke.


 


300 ledige plassar

Etter første inntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 13.august. Det er om lag 300 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 13. august.

Vidare tidsplan:
3. juli, melding blir sendt til alle søkjarane - første inntak
· 12. juli, svarfrist første inntak
· 27. juli, melding om andre inntak
· 3. august, svarfrist andre inntak
· 13. august, skulane tek over inntaket
· 20. august, skulestart


Les meir om: Nyhende Ung Utdanning

Siste saker Gå til framsida