FEKK PRIS: Fylkesleiar Jan Henrik Nygård, operativ leiar i Fjord1 Bjørn Barstad og Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen. (Fotograf: Bård Mangerøy)

Fjord1 fekk miljøpris

Miljørprisen 2018, som Sogn og Fjordane Venstre deler ut årleg, gjekk i år til Fjord1.

Publisert 25.06.2018 kl. 06.15.

Det var klima- og miljøminister Ola Elvestuen som delte ut prisen.


Grunngjeving frå fylkesstyret er at Fjord1 får prisen for deira synlege bevis på at de satsar på miljørette løysingar på skip, og ikkje minst arbeidet med elektrifisering av Anda-Lote og planlagt bygging av utsleppsfrie ferjer og rutegåande båtar.


- Fjord1 sitt samfunnsansvar påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forureining frå fartøya, heiter det i ei pressemelding frå fylkeslaget.


Nettverkssamling

 - Vi er stolt over å ha hovudkontoret for Fjord 1 i Sogn og Fjordane og vi ser at dei bidreg til et komplett kompetansemiljø i Sogn og Fjordane og Vestlandet slik at Noreg kan gå i front med nullutsleppsløysingar for skipsfart, seier leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård

Miljøprisen vart delt ut på nettverkssamlinga for Vestland Venstre av Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen og fylkesleiaren. Frå Fjord1 kom operativ leiar Bjørn Barstad og mottok prisen. I tillegg til diplom fekk Fjord1 ein vatninspirert glasvase blåst på stein av kunstnaren Merete Rein frå Aurland.


Siste saker Gå til framsida