Filma kvinnelege kollegaer i garderoben

Publisert 16.04.2018 kl. 14.50.

Nordfjordingen i 20-åra plasserte fleire filmkamera i ulike kvinnegarderobar i verksemda der han sjølv jobba.


Formålet var å filma kvinnelege kollegaer når dei skifta klede. Kameraa vart skjult inne i garderobeskap, der skapdørene stod på gløtt.


Det vart gjort fleire filmopptak av kvinnene medan dei skifta, og ifølgje siktinga var filminga seksuelt motivert.


I retten vedgjekk mannen syndene sine og Sogn og Fjordane tingrett har fastsett straffa til 60 dagar fengsel på vilkår, 10.000 kroner i bot og inndraging av eit digitalt videokamera.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida