TØFFE TAK: Linn Hege Lereng og resten av Jotun/Årdalstangen-jentene møter søndag Eid i Årdalshallen. (Arkivfoto)

Festa grepet om sølvmedaljen

Jotun/Årdalstangen hadde få problem i heimemøte mot Eid. Sjå kampen i reprise her.

Publisert 19.03.2017 kl. 14.23. Oppdatert kl. 17.20.

Jotun/Årdalstangen - Eid 26-17 (14-11)


Årdølene tok søndag ettermiddag sin andre strake siger i 4. divisjon avdeling 2 då Eid kom på besøk til Årdalshallen. 


Sjå kampen i reprise

Olafur Sveinsson sine jenter tok kommande frå start og leia med tre mål til pause. Etter kvilen auka dei forspranget til laget frå Nordfjord og sluttresultatet blei nimålssiger, 26-17.


Dermed har årdølene festa grepet om sølvmedaljen og ligg fire poeng bak Sogndal på 1. plass, som har to kampar mindre spelt. I skrivande stund ligg Florø 2 på tredjeplass, tre poeng bak Jotun/Årdalstangen.


Sogn Avis sendte oppgjeret i Årdalshallen direkte. Du kan no sjå kampen i reprise her: 



Les meir om: Sport Handball Årdal

Siste saker Gå til framsida