Sogndal 2 tapte 3-2 i 3. divisjonskampen mot Fana på Fosshaugane Campus måndag kveld. (Arkivfoto)

Femmålsthriller på Fosshaugane

Sjå høgdepunkta mellom Sogndal 2 og Fana.

Publisert 31.07.2018 kl. 08.42.

Bergenserane drog det lengste strået i 3. divisjonskampen måndag kveld. Gjestene vann til slutt 3-2. 


Fana tok leiinga allereie etter to minuttars spel ved Henrik Urdahl. Same mann var frampå igjen og dobla leiinga etter tjue minuttar.


Joachim Soltvedt på Sogndal reduserte til 2-1, sju minutt seinare. Dette var også resultatet til pause. 


Kort tid etter kvilen sette Fana sin storscorar, Henrik Urdahl, sitt tredje for kvelden då han auka til 3-1. På overtid reduserte Mathias Sundberg for Sogndal til 3-2, som også blei sluttresultatet. 


Desse starta for Sogndal 2: Kristian Rutlin, Adrian Solberg, Jonas Fredriksen, Reiss Greenidge, Tomas Totland, Johan Hove, Edin Øy, Eirik Lereng, Markus Brændsrød, Ulrik Flo og Joachim Soltvedt.


Erlend Hanssen Grov, Tobias Klepp og Mathias Sundberg kom innpå i løpet av kampen.


Sjå høgdepunkta her:



Siste saker Gå til framsida