KONTROLL: 59 tunge køyretøy var innom kontrollstasjonen på Håbakken natt til onsdag. (Arkivfoto)

Fem fekk bruksforbod på Håbakken

Av dei 59 køyretøya som var innom kontrollen på Håbakken natt til onsdag, fekk fem køyreforbod.

Publisert 11.10.2017 kl. 06.23.

Vegvesenets kontrollørar var til stades på kontrollstasjonen på Håbakken frå kokka 21 tysdag fram til klokka 03.00 natt til onsdag. I løpet av desse seks timane, var til saman 59 tunge køyretøy innom stasjonsområdet for veging og vurdering.


 


Kontrollerte ti

Ti av køyretøya måtte gjennom ein fulstendig kontroll. For to av desse køyretøya synte vektkontrolen at dei var for tungt lasta.


I tillegg til jobben med å fjerna deler av lasset, fekk sjåførane beskjed om at det vart lagt ned bruksforbod på køyretøya. PÅ det eine kom forbodet grunna dåtelg sikring av lasset, medan det andre vogntoet fekk bruksforbod til originalt løyvedokument var på plass.


Ein hengar som vart kontrollert fekk bruksforbod grunna for svake bremsar, samt at ABS-bremsane på hengaren ikkje var i orden. Elles fekk eit vogntog mangellapp grunna diverse manlar på bremsane, oljelekkasje, samt at det var noko gale med Adblue-systemet på bilen.


 


Siste saker Gå til framsida