TURBOPRIS:Eva Kristin Svidal, fylkeskontakt for UKM, Ketil Torbjørnsen, lærar i Lærdal kulturskule, Jenny Hatlelid Holsæter og Frida Bjørnereim i Ungdommens ressursgruppe Sogn og Fjordane. (Foto: Anders Flore, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fekk Turboprisen frå UKM Noreg

Turboprisen 2018 til Lærdal kommune

Publisert 15.04.2018 kl. 08.00.

UKM Noreg deler i år ut Turboprisen til Lærdal kommune for deira langsiktige arbeid med UKM, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.


Lærdal er den kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt høgast deltaking i høve talet på ungdommar mellom 10 og 20 år i kommunen dei siste åra.


Prisen er på 5 000 kroner, og skal nyttast til vidare arbeid med UKM (Ung kultur møtest). UKM Noreg deler ut prisen for å motivere til auka innsats i rekrutteringsarbeidet i kommunane, og for å gjere stas på dei som har gjort noko ekstra det siste året. 


 


 


Jamn deltaking

Ketil Torbjørnsen tok imot prisen på vegne av dei Lærdal kommune under framsyning 2 laurdag på UKM-festivalen i Høyanger.


Torbjørnsen takka alle dei fantastiske ungdommane i Lærdal, og la til at langsiktig arbeid med UKM er avgjerande for eit godt resultat.


 Mange kommunar slit med å halde deltakartalet oppe på UKM. Lærdal har hatt jamt over 70 deltakarar i perioden 2016-2018. Det er om lag 27 prosent av alle ungdommane mellom 10 og 20 år i kommunen, og høgast i fylket desse åra.


 Lokalmønstringa vert arrangert fast første helga i februar. Det gjer UKM føreseieleg for både deltakarar og lokalsamfunnet. Ingen legg konkurrerande arrangement til denne helga.


 


 


Kulturskulen nøkkelen

Kulturskulen i Lærdal er ansvarlege for UKM, og UKM er ein fast del av undervisninga ved skulen. Alle elevane blir oppmoda om å delta. Mange øver mot UKM gjennom heile året. Over 80 prosent av elevane i grunnskulen er også elevar ved kulturskulen.


 UKM er også for dei som ikkje går i kulturskulen. Både ungdomsrådet og ungdomsklubben er involverte i arrangementet. Kunstlæraren ved kulturskulen er også lærar i grunnskulen, og oppmodar elevar der om å delta på UKM med skulearbeida sine. Dette gjev eit godt mangfald.


Langsiktig systematisk arbeid og kopling kulturskule og UKM er nøkkelen til suksess for UKM i Lærdal, heiter det i pressemeldinga.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida