BYGGJESETT: Barna i Rones barnehage bygde laftehus med stor glede. (Begge foto: Rones barnehage)

Fekk prøva seg med hammar og sag

Barne-hagebarna bygde laftehus med stor entusiasme.

Publisert 25.12.2017 kl. 14.00.

Rones barnehage i Sogndal fekk besøk av to karar frå Nordbohus før jul, og dei hadde med seg verktøyskrin og byggjesett til eit lite laftehus.


- Det var stort engasjement og mykje moro. Både gutar og jenter prøvde seg med hammar, spikar og sag - med stor entusiasme, seier styrar Norunn Njøs Hauståker.


Byggjesettet vart eit flott supplement til uteleiken, og blir framleis brukt. Det er først og fremst til dei litt større ungane, og Rones har 48 barn i storavdelingane.


Nordbohus deler ut materiale og utstyr i håp om å rekruttera fleire til snikkarfaget.


Som Sogn Avis omtalte tidlegare i haust, vart same opplegg gjennomført i Gaupne barnehage.


 


 


 

SNIKKARSPIRAR: Kanskje er gnisten for å bli handverkar no tend hos nokre av ungane i barnehagen.

Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida