KNEKT: Knekt tverrbjelke på tilhengar gav bom stopp for norsk trailer fredag ettermiddag. (Foto Statens vegvesen)

Fekk ikkje lov å køyra vidare med denne

Statens vegvesen gav bruksforbod til fleire vogntog.

Publisert 09.02.2018 kl. 19.41.

Statens vegvesen sin kontroll på Håbakken i Lærdal fredag avdekte litt av kvart.


Mellom anna vart eit norsk vogntog ilagt bruksforbud på grunn av knekt tverrbjelke på tilhenger.


Den må reparerast før videre bruk.


Overlast

Eit norsk vogntog vart ilagt bruksforbud for overlasta kjøretøy.


Det kosta 4250 i overlastgebyr. Han måtte lasta om før vidare køyring.


Ein utanlands sjåfør vart meld for ikkje å stogga for kontroll. Han fekk bombrikkegebyr på 8000 kroner for å ikkje kunne syne gyldig bombrikkeavtale.


Ein utanlandsk varebil fekk bruksforbod på grunn av sikthindrande gjenstand i frontruta.


I tillegg vart det gitt eit gebyr for dårlege dekk.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende