Fekk ikkje køyra vogntoget vidare frå Håbakken

Publisert 09.11.2017 kl. 06.11.

Ein norsk lastebilsjåfør som vart stogga på Håbakken onsdag kveld, hadde ikkje førarrett for vogntog. Dette resulterte i at i staden for å få køyra vogntoget vidare, vart sjåføren meld til politiet.


Elles melder Statens vegvesens kontrollørar om at at det vart lagt ned køyreforbod på to køyretøy i kontrollen onsdag kveld og natt til torsdag. Ein personbil fekk køyreforbod grunna feil på bremsane, medan eit vogntog fekk dette grunna overlast.


To av dei kontrollerte køyretøya mangla vognkort. Noko det vanka gebyr for.


 


 


Siste saker Gå til framsida