
Fekk gjennomslag for fleire saker
Sogn og Fjordane Venstre har fått gjennomslag for ei rekkje viktige saker på Venstres landsmøte i helga.
- Me har fått på plass ein sterkare og meir offensiv distriktspolitikk. Det er ekstra viktig no når Venstre har blitt regjeringsparti, seier fylkesleiar Jan Henrik Nygård i ei pressemelding.
Nygård har leia Sogn og Fjordane-delegasjonen. Venstres landsmøte har vedteke politikk på fleire område som er viktige for Venstre: Skule, kultur, miljø og klima, inkludering og sosialpolitikk. Landsmøtet vedtok også ei eiga fråsegn om distrikts- og regionalpolitikk, etter framlegg frå Sogn og Fjordane Venstre.
Nettleige
Nygård trekkjer fram følgjande saker som særleg viktige gjennomslag for Sogn og Fjordane Venstre på landsmøtet:
- Ja til utjamning av nettleige
- Vidare trykk på utflytting av statlege arbeidsplassar
- Styrking av senter-satsing også i distrikta
- Merkur-ordninga skal halde fram (for å sikre butikkar i distrikta)
- Sterk satsing på rassikring, ferjeavløysing og miljøvenleg transport på sjøen
- Støtte til Vestlands-landbruket
- Auka matproduksjon frå havet