Feira skaparglede med dans og song i sentrum

Den Store Barnehagedagen vart markert fleire stader i Sogn i dag.

Publisert 13.03.2018 kl. 13.19. Oppdatert kl. 13.20.

I sentrum på Årdalstangen hadde store og små i Einehaugen barnehage invitert foreldre, besteforeldre, rådmenn og andre kommunalt tilsette til storstila markeing av barnehagedagen.


Dei baud på kunstutstilling og dessutan dans og song. Etterpå var det duka for torgfest med pølsegrilling. 


Temaet for barnehagedagen i år er «Me vil skapa» - noko den livlege flokken absolutt må seiast å ha gjort.


Dei skapte nemleg stor stemning, trass i at sola framleis ikkje hadde nådd å varma rådhusplassen så alt for mykje då feiringa fann stad. 


Meir om den Store barnehagedagen vert å lesa i Sogn Avis onsdag.


Les meir om: Nyhende Ung Årdal

Siste saker Gå til framsida