Studentspretten kan jubla for opprykk til Kretsligaen. (Foto: Privat)

Feira opprykket med ny siger - sjå scoringane

Studentspretten er suveren i 5. divisjon.

Publisert 27.09.2017 kl. 14.35.

 

Sist torsdag kunne Studentspretten jubla for sitt andre opprykk på like mange år etter 11-1 sigeren over Sandane på Fosshaugane Campus. 

Tysdag var studentane i elden igjen. Då vann dei heile 5-1 mot Fjøra 2/Sogndal3.

Aleksander Belland, Eric Skorpen, Fredrick Lindal, Håvard Håland og Nikolai Strømstad scora måla. 

Etter 17 kampar har serieleiaren plukka 45 poeng, og har dermed skaffa seg ei luke på åtte poeng ned til Kaupanger på 2. plass. Til Sandane på tredjeplass skil det 13 poeng.  

To lag rykkjer opp til Kretsligaen.