MÅLKONGE: Kristian Fardal Opseth scora to mål og tangerte tolv år gamle scoringsrekord i 1. divisjon søndag. (Foto: Bodø/Glimt)

Fardal Opseth tangerte scoringsrekorden: - Ein stor dag for Kaupanger

Han har hamra inn mål på bestilling for Bodø/Glimt denne sesongen, søndag tangerte Kristian Fardal Opseth tolv år gamal scoringsrekord.

Publisert 29.10.2017 kl. 18.00. Oppdatert kl. 18.02.

I 2005 scora dåverande Stabæk-spelar Daniel Nannskog 27 mål i 1. divisjon. Søndag putta Fardal Opseth to mål i 6-0 sigeren over Åsane, og tangerte dermed svensken sin rekord.


Kaupingen har i tillegg ein kamp på seg til å sletta rekorden, noko han har store planar om å gjera i siste serierunde borte mot Strømmen neste helg.


- Målet må vera å ta den skikkeleg. Nannskog har jo allereie klart dette før, så eg må prøva å gå forbi. Men først må eg klara å stable meg på beina, seier målkongen, som fekk seg ein liten kjenning på framsida av låret i søndagens kamp.


- Det kan vera ein liten strekk, men eg håpar at det ikkje er så ille og at eg er klar til kamp att mot Strømmen.


Takkar lagkameratane

Uansett korleis det går i siste serierunde er han svært nøgd med eigne prestasjonar denne sesongen.


- Så eg lyt takka lagkameratane mine for at eg har klart dette. Eg spelar på eit lag som produserer målsjansar på løpande band. Eg hadde aldri klart å scora 27 mål utan dei gode medspelarane på laget.


Rosar opprykksdamene

Opseth Fardal legg til at det er utruleg kjekt å vera kauping på ein slik dag som dette, og nyttar høve til å gratulere damene med opprykket til 1. divisjon. 


- Damene sikra eit leikent opprykk til 1. divisjon. Eg var spent på korleis det gjekk med dei og sjekka resultatet rett etter kampen vår. Det var ekstremt artig at dei klarte å rykkja opp. Eg har sagt til alle her oppe at dette er ein stor dag for Kaupanger.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida