INGA SIKRING: Vegtilsynet har mellom anna teke dette biletet i Fretheimstunnelen som syner ein lift parkert tett inntil vegkanten. Her er det fare for påkøyrsel og inga sikring, vert det peika på. (Foto: Vegtilsynet)

Fann alvorlege feil ved varslinga av arbeid i tunnelar

Vegtilsynet har inspisert fem tunneloppgraderingsprosjekt på Vestlandet. Dei fann alvorlege feil i fire av dei fem undersøkte prosjekta.

Publisert 11.01.2018 kl. 15.00.

Målet med tilsynet var å undersøka om Statens vegvesen i Region vest tek i vare sikkerheita for trafikantane ved arbeid i tunnelar, går det fram av ei pressemelding.


Inspeksjonar

Fem oppgraderingsprosjekt vart undersøkte, blant anna ved inspeksjonar av arbeidsvarsling i Gudvangatunnelen, Fretheimtunnelen, Onstadtunnelen, Bømlafjordtunnelen og Lyderhorntunnelen.


Vegtilsynet undersøkte om det vart gjort ei vurdering av risikoen for trafikantane, og om arbeidsvarslinga var i samsvar med krav. I tillegg vart det undersøkt om regionen har eit styringssystem som sikrar at arbeidsvarslinga vert kontrollert og følgt opp.


Alvorlege feil

Regionen har sett i verk fleire tiltak for å betre arbeidsvarslinga, går det fram av pressemeldinga. Likevel fann Vegtilsynet, gjennom inspeksjon, alvorlege feil i dei tre tunnelane i Aurland og i Bømlafjordtunnelen. Det står difor att eit arbeid med å få sikkerheita til trafikantane godt nok teke i vare ved arbeid i tunnelar, påpeiker Vegtilsynet.


Vegtilsynet fann at regionen:



  • ikkje har utført risikovurderingar som avdekker alle farlege forhold for trafikantane som følge av tunnelarbeidet;

  • ikkje har sikra at det i arbeidet med arbeidsvarslingsplanar er utført risikovurderingar som avdekker alle farlege forhold for trafikantane;

  • ikkje sikrar at risiko som er påpekt i den overordna risikovurderinga vert tatt omsyn til i risikovurderinga for arbeidsvarslingsplanane;

  • ikkje tek i vare sikkerheita til trafikantane godt nok når det vert arbeidd i tunnelane;

  • ikkje i tilstrekkeleg grad har sjekka at arbeidsvarslinga er relevant for det arbeidet som vert utført og at arbeidsvarslingsplanen vert følgt;

  • brukte ledebil i samsvar med krav;

  • ikkje har et styringssystem som sikrar tilstrekkeleg informasjon til å vurdere og sette i verk tiltak for kontinuerleg forbetring når det gjeld arbeidsvarsling.


Vegtilsynet fann fem avvik, noko som betyr at det er mangel på samsvar med krav. Avvika vil bli følgde opp med Region vest, heiter det i pressemeldinga. I tillegg vart det gjort det som tilsynet kallar ein observasjon, der ein ser at det er potensial for forbedring.


Les meir om: Nyhende Aurland Trafikk

Siste saker Gå til framsida