TIL USA: Elise Thorsnes skal dei neste åra leva ut den amerikanske draumen med proffspel i Utah Royals. (Arkivfoto)

Elise klar for USA-eventyr

Elise Thorsnes (29) har skrive under for den amerikanske klubben Utah Royals FC.

Publisert 15.02.2018 kl. 13.12.

Klubben som held til i Salt Lake City vart starta opp så seint som i desember i 2017 og har kjøpt seg plass på øvste nivå i USA. Thorsnes gler seg stort til å ta fatt på utfordringa som ventar.


- Målet til eigaren er å gje like moglegheiter til damene som for herrene, seier 29-åringen og held fram: 


- Me får bruka dei same fasilitetane som herrelaget. Det vil seia at me får bruka stadionen, Rio Tinto Stadum, som tek 20.000 tilskodarar, me får bruka det same medisinske apparatet og alle spelarane bur i nye leiligheiter og får nye bilar. Eg trur ikkje eg kjem nærare profflivet enn dette, seier ho.


Sogningen seier ho er glad for at ho no endeleg er blitt offisielt presentert som Utah Royals-spelar. Sjølv har ho vist om overgangen i nærare ein månad.


- Det har vore litt papirarbeid og slike ting som måtte gå i orden. Dette er jo eit heilt nytt lag og klubben har «drafta» spelarar og fått på plass ein god stall.


Sjølv har Thorsnes halde forma ved like i Australia den siste tida, der ho har spelt for hovudstadsklubben Canberra United. «Down Under» fekk Thorsnes åtte kampar og seks scoringar. I sin fjerde kamp varta ho opp med hat-trick i 6-1 sigeren over Adelaide United. Ho avslutta opphaldet på vakkert vis, då ho banka ballen i krysset med eit skot utanfor 16-meteren i 4-1 tapet over Brisbane Roar.


Les meir om: Sport Fotball

Siste saker Gå til framsida