Ekstremvêret stengde Vikafjellet

Publisert 08.12.2017 kl. 06.07. Oppdatert kl. 06.24.

Riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 50 Aurland-Hol er stengde grunna uvêr. Slik er stoda på dei andre fjellovergangane fredag morgon:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 00:05 var det minus1 grad, laber bris og snøbyger.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 3 grader, laber bris og opphaldsvêr.


Fylkesveg 50 Hol - Aurland


Statens vegvesen melder klokka 06:13 at vegen er stengd grunna uvêr. Vegen blir opna at for kolonnekøyring frå klokka 08.00 fredag morgon.


Fylkesveg 53 Tyin - Årdal


Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 2 grader, laber bris og snø.