RETT MOT VESTLANDET: Ekstremværet Aina vil sende vinden rett inn mot land. Det er den vindretningen som gir størst skade på Vestlandet. FOTO: MET

Ekstremvêret Aina på veg

Meteorologisk institutt melder at det i kveld og natt vil kome vestleg full og til dels sterk storm. I områda sør for Sognefjorden er vinden venta å overstige verdiane for ekstremvêr.

Publisert 07.12.2017 kl. 19.15.

Lågtrykket ligg no i Nordsjøen, og er venta inn mot våre område rundt midnatt. Det kan ventast vindkast på 35-40 m/s inn over land.

Den sterke vinden vil truleg gå langt innover i fylket, før den dreier over på nordvest og vert mindre merkbar i dei indre områda. Det er òg venta høge bølgjer, og oppstuing av vatn innover i Sognefjorden.

Områda nord for Sognefjorden vil og få  sterk vind, men der er det ikkje venta at vindstyrken vil kome opp i ekstreme verdiar.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida