INNSTILT: Flyavgangen frå Sogndal, via Ørsta/Volda, til Olso tysdag føremiddag er innstilt. (Arkiv)

Ein avgang til Oslo innstilt tysdag

Flyavgangen til Oslo via Ørsta/Volda tysdag føremiddag er innstilt.

Publisert 15.05.2018 kl. 05.49.

Flyet som skulle gått frå Sogndal lufthamn klokka 09.35, via Ørsta/Volda, til Oslo er innstilt, melder Widerøe på nettsidene sine. 


Forklaringa på dette er at flyet som skulle kome til Sogdal frå Bergen klokka 09.30 i dag, i staden er omdirigert til å gå direkte til Ørsta/Volda.


Dei andre avgangane og ankomstane ved Sogndal lufthamn tysdag skal vera i rute, ifølgje Widerøe.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal