UROA: Nav-direktør Tore Thorsnes er uroa over folketalsutviklinga i fylket.

Dramatisk for folketals-utviklinga i fylket

NAV er uroa over folketalsutviklinga i fylket med ein reduksjon i folketalet på nesten 200 personar første halvår.

Publisert 27.08.2018 kl. 12.04.

- Det er dramatisk. Me har frykta det og ser diverre at tala så langt i år bekreftar at fylket står framfor utfordringar som vi ikkje har sett tidlegare, seier  Tore Thorsnes, direktør NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Nav skriv at dette er eit paradoks i eit fylke der «alt det andre» går veldig bra. Næringslivet går godt, det er låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking, me står lengt i jobb i Noreg, har relativt få på uføretrygd og så bortetter, men likevel ser me at utflyttinga frå fylket held fram og tilflyttinga bremsar opp.



Lite lysteleg

Tala som Statistisk sentralbyrå legg fram er lite lysteleg lesnad, heiter det vidare i pressemeldinga.
19 kommunar har null eller negativt fødselsoverskot jamført 2017, 13 kommunar har negativ flyttebalanse og frå inngangen til 2017 og fram til 1. halvår 2018 har «minuskommunane»  eit fall i folketalet på heile 742 personar medan vekstkommunane har ein auke på 512 personar. Me ser såleis også ein forsterka sentralisering av busetnaden i fylket.


Stor utflytting

- Fylket har over lang til hatt stor utflytting til andre delar av landet, særleg i aldersgruppa 20-30 år og dette vil halde fram, trur Thorsnes.


Utflyttinga er blitt kompensert av gode fødselsoverskot og ikkje minst innvandring (både arbeidsinnvandring og busetting av flyktningar) og gjeve fylket ein svak vekst i folketalet dei siste åra.No går det altså andre vegen.


Siste saker Gå til framsida