MASSIVT: Her er det ein del kubikkmeter med snø som må ryddast før vegen gjennom Kvassdalen kan opnast for trafikk. (Foto: Geir Ove Engebø, Statens vegvesen)

Dette raset stengjer Vikafjellsvegen

Raset som har gått mellom Vikafjellet og Myrkdalen er 50 meter breitt og fire-fem meter høgt.

Publisert 25.01.2018 kl. 14.34.

- Raset har passert riksveg 13 med ti meter og rasfaren er overhengande med mykje snø i området, eit par plussgrader og til dels kraftige regnbyer, opplyser Geir Ove Engebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen.


Ytterlegare 7-8 mindre ras er registrert i Kvassdalen, ingen av desse har nådd vegbana.


Raset som sperrar sambandet mellom Vik og Vinje, utløyste seg på same staden som gigantraset i 2015, dette var 400 meter breitt og åtte meter høgt.


- Det er ikkje flyvêr i dag, og me får difor ikkje gjort noko med raset. Me må oppover mot fjelltoppen for å ta ned skavlar som heng igjen. Denne jobben blir gjort anten med helikopter og gassklokke som sender sjokkbølgjer nedover i snølaget eller ved hjelp av dynamitt, seier Engebø.


Statens vegvesen håpar vêret opnar for aktivitet i Kvassdalen fredag. I tillegg til oppryddingsarbeidet er det ein del snø som skal vekk frå vegbana oppe på Vikafjellet, her det kome ein halv meter snø siste døgnet.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Trafikk Vik

Siste saker Gå til framsida