REDUSERT SIKT: Slik såg det ut ved Hestavollen på Vikafjellet tidleg torsdag morgon. (Webkamera: Statens vegvesen)

Det kan bli kolonnekøyring her

Uvêret på kysten er merkbart både på Vikafjellet og strekninga Aurland-Hol torsdag morgon.

Publisert 09.11.2017 kl. 06.36. Oppdatert kl. 06.58.

Slik er vêr- og føretilhøva på fjellovergangane i Sogn torsdag morgon:


E16 Filefjell


Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det null grader, frisk bris og snøbyger.


Rv. 13 Vikafjellet


Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Kolonnekjøring kan bli innført på kort varsel. Klokka 05:30 var det null grader, liten kuling og snø.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det null grader, laber bris og snø.


Fv. 50 Hol - Aurland


Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det null grader, stiv kuling og snø.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det null grader, laber bris og snøbyger.


Fv. 55 Sognefjellet


Fjellovergangen er stengd grunna uvêr.


Siste saker Gå til framsida