SKRUSTIKKE: Dei to store bilane stod fast som i ei skrustikke ved Suppham mellom Leikanger og Hella. (Foto: Terje Eggum)

Desse stod bom fast

Rv 55 ved Suppham mellom Hella og Leikanger var stengd på grunn av bilberging.

Publisert 08.02.2018 kl. 10.57. Oppdatert kl. 15.50.

SISTE: Like etter klokka 15 torsdag melder Vegtrafikksentralen at vegen ved Suppam er open for trafikk etter bilberging.


Då hadde vegen vore stengd sidan like før klokka 10 torsdag.


- Her blir det nok stengd ei god stund framover, seier Sogn Avis sin journalist Terje Eggum på staden i føremiddag.


Dei to store køyretøya støytte saman i ti-tida. Eit vogntog med tømmerlast kom frå Hella og innover og ein containerbil var på veg utover.


- Dei har kilt seg godt inn i kvarandre og står bom fast. Sjåførane fekk seg ein støkk, men er kome uskadde frå hendinga, seier Eggum.


Bergingsbilar var på veg, og måtte komme frå begge kantar for å trekka dei to bilane frå kvarandre.


Det er glatt på staden og trafikken vart stogga på Hella slik at det ikkje skulle danna seg ytterlegare kø på staden.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida