TIL FYLKESMØNSTRING: Gruppa Cats med Inga Binningsbø, Louise Tveito, Ronja Bakketeig og Synnøve Aasen Nesheim frå Sogndal song og dansa. (Foto: Renate Sæle)

Desse gjekk vidare i UKM

Leikanger, Luster, Sogndal og Balestrand hadde felles UKM i helga.

Publisert 05.03.2018 kl. 10.11. Oppdatert kl. 11.47.

20 sceneinnslag og 6 kunstinnslag var med i den felles UKM- mønstringa i Saften søndag. 


Desse går vidare til fylkesfestivalen i Høyanger 13.-15.april:


Kunst:


Iselinn Bjørnevoll (Balestrand) med verket "Sjå mellom fingrane"


Scene:


Pernille Hæreid (Leikanger) med "Back to Black"


Juryen skriv: "Solosong. Ho er 16 år gamal frå Leikanger. Har ei fantastisk flott stemme, god bruk av stemma og stemmekontroll. Veldig god timing og vibrato. Kraftfull stemme."


Ronja Bøe Øygard, Gunn Marit Kvåle og Gjest Kvåle (Sogndal) med "Murder Song"


Juryen skriv: Gitar og duett. Klokkereint, harmoni, utfyller kvarandre.


Peter Sætre (Sogndal) med innslaget "The Greatest"


Juryen skriv: Pianosolo. God flyt og dynamikk. Veldig god teknisk. Kreativ med å blanda inn nytt tema på slutten.


Cats med Inga Binningsbø, Louise Tveito, Ronja Bakketeig og Synnøve Aasen Nesheim (Sogndal)


Juryen skriv: Musikal-innslag. Gøyalt innslag. Underhaldande og fargerikt. Meistrar å syngja og dansa samtidig.


Jacob´s Dream (Sogndal) med innslaget "Oblivescence"


Juryen skriv: Band. Kreativt og originalt. Kul låt. Bra samspel og alle fekk visa seg fram. Kosar seg på scena.


Dordi Boksasp Lerum (Luster) med innslaget "Farvel min venn"


Juryen skriv: Zitter og vokal. Klar og tydeleg stemme. Trygg opptreden. Fin folketoneklang.


 


 


 


Siste saker Gå til framsida