POPULÆR: Vinjerock har dei siste to åra seld ut straks billettane vart lagt ut for sal. Den 1. desember blir festivalpassa til neste år lagt ut. (Foto: Vinjerock, Håvard Bergo)

Desse artistane er klare for Vinjerock

Det blir svensk hiphop, melodiøs pop og skikkeleg rock på Eidsbugarden.

Publisert 09.11.2017 kl. 17.11. Oppdatert kl. 21.22.

Silvana Imam, Fieh, The Dogs og det lokale valdresbandet The Rebels er i boks for neste års Vinjerock på Eidsbugarden.


Festivalen opplyser i ei pressemelding at dei har dei siste åra seld ut på under ti sekundar. Den 1. desember blir festivalpassa til neste år lagt ut. For medlemmar i DNT blir det mogleg å kjøpe eit begrensa tal billettar allereie onsdag 29. november.


- Det er utruleg moro å komme med et førsteslepp som dette. Herleg Vinjerocksk sjangerblanding med spennande, lokale, regionale, nasjonale, internasjonale og veldig, veldig gode artistar, oppsummerer bookingsjef John Olav Hovde i pressemeldinga.


- Usedvanleg bra live

Vinjerock lovar at det ivrige festivalpublikummet skal få eit solid program på scena.


The Rebels høyrer heime i Valdres, og musikken deiras blir skildra som fjellstø, melodiøs pop. Også Fieh er ein nykomar på den norske musikkhimmelen. 19-åringen skriv og produserer sin eigen soul på soverommet, og vart i 2014 kåra til årets Urørt på P3. 


Svenske Silvana Imam er kjend for hiphop med sterke tekstar, og har tidlegare vitja både Slottsfjell og Øya-festivalen i Norge. Det blir første gong den svenske rapparen tek turen til Eidsbugarden. 


For The Dogs med Christopher Schau i front er det ikkje første vitjing på Eidsbugarden. Dei spelte også på Vinjerock i 2014. 


- Alle artistane har det til felles at de er usedvanleg bra live, seier Hovde i pressemeldinga. 


Ut over hausten og våren blir det slept fleire artistar, men meir enn det vil ikkje bookingsjefen fortelje enno. 


Les meir om: Nyhende Kultur Festival

Siste saker Gå til framsida