TIL SALS: Steinbergdalen Turisthytte i Aurlandsdalen er framleis til sals. Hytta vart bygd i 1895.

Denne hytta er framleis til sals

Steinbergdalen Turisthytte i Aurlandsdalen frå 1895 håpar å få nye eigarar.

Publisert 07.11.2017 kl. 23.34. Oppdatert kl. 23.43.
Dette til trass for at ein mann i 50-åra frå Førde hevda at han i førre veke hadde kjøpt hytta. Måndag kveld publiserte Sogn Avis ein artikkel utan at meklar eller eigarane av eigedomen blei konfrontert for å stadfeste denne informasjonen. 
 
Kjetil Fjellbirkeland, som har fått oppdraget med å selje hytta, seier at hytta har vore forsøkt selt ein periode, men avviser at hytta allereie er selt.
 
- Han som hevdar å ha kjøpt hytta har ikkje vore involvert i nokon kjøpsprosess og har følgjeleg heller ikkje lagt inn bod på eigedomen, seier Fjellbirkeland.
 
Steinbergdalen Turisthytte vart bygd av Den Norske Turistforening og stod klar til å motta gjester i 1895. Eigedomen har vore drive av noverande eigarar sidan 1957, men vart formelt kjøpt frå DNT i 1961.

Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida