I FØRDE: Desse har utvikla den nye mobilbanken: Frå venstre: Peer Jakob Bridge, Marit Fidjestøl, Pål Gunnar Smådal, Per Magne Hervik, Bjørn-Egil Holmøyvik og adm. direktør Trond Teigene. (Pressefoto)

Dei har laga ein mobilbank for born og unge

8-14-åringar er målgruppa for den nye mobilbanken som er utvikla i Sogn og Fjordane.

Publisert 26.10.2017 kl. 14.18.

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som no lanserer ein mobilbank for unge.


- 1. november lanserer banken eit fornya barne- og ungdomskonsept. Den viktigaste nyheita er MobilbankUng, som er ein forenkla versjon av mobilbanken spesielt laga for dei mellom 8 og 14 år. Målet er å gje denne kundegruppa, som no i stor grad går over til å bruka betalingskort framfor kontantar, kontroll og oversikt på eige forbruk, seier administrerande direktør i banken Trond Teigene.


Utvikla i Førde

Han fortel at dei unge sjølve har hatt stor påverknad på både nytt kortdesign og ikkje minst innhald og funksjon i MobilbankUng. Dei unge har også testa MobilbankUng heilt fram til lansering, og ytterlegare forbetringar er gjort ut i frå desse tilbakemeldingane.


- Det som er ekstra kjekt, er at appen er laga av vårt eige utviklingsmiljø i Førde på berre nokre få månader. Dette er blitt mogleg på grunn av dei strategiske teknologivala banken har gjort, der me har sett oss sjølve i førarsetet saman med nye, internasjonale samarbeidspartar, seier Teigene.


Effektiviseringstiltak

Torsdag legg Sparebanken Sogn og Fjordane fram rekneskapen for tredje kvartal. Rekneskapen syner eit godt kvartal for banken med eit resultat før skatt på 128 millionar i kvartalet og 367 millionar kroner hittil i år, noko som gir ein eigenkapitalavkastning etter skatt på 10,3 prosent, går det fram av ei pressemelding frå banken.


- Den gode resultatutviklinga kjem av sunn og god bankdrift, der mange år med god vekst gir god avkastning, seier Teigene.


I 2017 har banken gjennomført ei rekke omstillings- og effektiviseringstiltak som også bidreg til eit godt resultat. Kontora i Askvoll, Leirvik, Hornindal, Sande, Naustdal, Skei, Balestrand, Leikanger og Svelgen er lagde ned i løpet av første halvår 2017.


- Naturleg val

Banken veks godt også utanfor Sogn og Fjordane, og har ein 12-månadars utlånsvekst på 6,7 prosent på privatmarknaden. Samstundes ser banken dei første teikna til fallande aktivitet i bustadmarknaden, både gjennom noko lågare veksttakt enn tidlegare år på bustadlån og gjennom lågare omsetningstakt i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i tredje kvartal, heiter det i pressemeldinga.


Banken opplyser at dei over tid har lukkast godt mot unge i etableringsfasen. I ei tid der banken ser dei første teikna til lågare aktivitet i bustadmarknaden, blir unge i etableringsfasen viktige for å sikra vidare vekst, meiner Teigene.


- Me trur at ein del av forklaringa bak suksessen vår i etableringssegmentet er at me har hatt barne- og ungdomsprogram som følgjer kunden gjennom heile oppveksten, og som dermed gjer at me er eit naturleg val når kunden skal etablera seg for første gong.


Les meir om: Nyhende Ung Økonomi

Siste saker Gå til framsida