Sogndal II gav seg ikkje før dei hadde scora ni mot stakkars Eid.
Sogndal II stilte med heile sju spelarar frå førstelaget i måndagens kamp, då både Terje Skjeldestad, Lars Grorud, Valtter Laaksonen, Elvis, Kai Risholt, Lukaz Nadolski og Oddbjørn Skartun spelte frå start i oppgjeret.
Stjernene viste veg
Og stjernene tok ansvar i første omgang, som vart eit målshow. 1-0 og 2-0 kom frå Kai Risholt, begge etter pasningar frå Kenneth Nondal.
Berre eit par minuttar etter 2-0 forserte Oddbjørn Skartun ned høgesida, la 45 grader ut til Valtter Laaksonen som enkelt satte inn 3-0.
Like før pause heada Skartun inn 4-0, etter eit langt framspel frå høgreback Øystein Lerum.
Unggutane sin tur
Etter pause ville unggutane visa seg fram, og i mellom det 54. og det 66. minutt ordna Nondal, Vegard Fosse Sandvold og Thomas Ness 5-, 6- og 7-0 for heimelaget. Sistnemnde klinka ballen rett i nettet frå 37,5 meter.
11 minutt seinare la Skartun på til 8-0, etter pasning frå innbytar Lennox Kanu.
Like etter la Kanu på til 9-0, for eit Sogndal II som varta opp med festfotball, sjølv om motstanden var særs svak.