...
REKORD: Det går mot rekorddeltaking i Fanaråken Opp, då det er venta over 600 motbakkeentusiastar til den vertikale styrkeprøva laurdag. (Arkivfoto)

Rekorddeltaking i Fanaråken Opp

Årets utgåve av motbakkeløpet kan nå 600 deltakarar.

Endre Romøren
Publisert 06.08.2008 kl 13:00 Oppdatert 06.08.2008 kl 13:00

Tips ein venn på e-post:

540 deltok i fjorårets konkurranse, men sidan det allereie er om lag 340 påmelde på noverande tidspunkt, meiner marknadsansvarleg Christian Prestegård at det nok ein gong går mot ny rekord.

– Det er vanleg at mange melder seg på heilt mot slutten, av den grunn kjenner eg med trygg på at det går mot historisk deltakarrekord, seier Prestegård.

Påmeldinga stengjer onsdag

I år stengjer etterpåmeldinga i konkurranseklassa allereie onsdag 6. august, så dei som vil melda seg på må gjera dette denne dagen.

Deltakarane i mosjonsklassa vert og oppmoda til å melda seg på innan denne fristen, men har sjansen til å melda seg på heilt inn mot løpsstart frå Turtagrø, mot eit etterpåmeldingsgebyr.

Knallhard konkurranse

Det var knallhard konkurranse om fyrsteplassen i år, då fleire av verdas beste motbakkeløparar skal utfordra løyperekordhaldar Jon Tvedt.

– Fire av dei beste i verda er påmelde. Desse er Martin Cox frå England, Rickey Gates frå USA og Urban Zemmer og Fulvio Dapit frå Italia. Så dette vert spanande, seier Prestegård.

Fanaråken Opp kan skilta med solide premiepengar i årets utgåve, om lag 400.000 kroner skal utbetalast i gevinstar i seks ulike løp.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.