Senka Jølster på heimebane

Syril har for alvor meldt seg på i tetstriden i 4. divisjon etter 5-1 over Jølster på Syril stadion i kveld.

Publisert 20.06.2008 kl 21:32 Oppdatert 20.06.2008 kl 21:44

Tips ein venn på e-post:

...
MÅLGJRARAR: Fv: Jan Tore Slinde, Eirik Stensvand, Erlend Husabø, Terje Thorsnes og Ruben Tøfte sette inn kvart sitt mål i 5-1 sigeren over Jølster.

Jølster starta kampen best, men Syril kom sterkt dei siste 25 minuttane av førsteomgang.

– Me var litt på hælane i starten. Det handla om å vinna krigen å koma inn i kampen, seier kaptein Joar Ølmheim. Det gjorde Syril-laget og fekk utteljing, først ved Jan Tore Slinde, deretter ved Terje Thorsnes og kunne gå til pause med 2-0 leiing. Og det kunne vore fleire.

– Me burde kanskje har punktert kampen i førsteomgang, seier Ølmheim.

Det gjorde heimelaget etter kvilen. Jølster hadde ein ball i nettet i starten av andre, men den annulerte dommar Torstein Kvam. I staden kunne Syril auka leiinga i det 55. minuttet på eit flott angrep som Erlend Husabø avslutta sikkert i hjørna. Tolv minuttar etter steig innbyttar Ruben Tøfte til vers og skalla inn 4 - 0 før nok ein unggut, Eirik Stensvand ordna 5 - 0 minuttet før slutt, også det med hovudet.

– Me har mange som kan gå inn og gjera ein god jobb, seier Ølmheim. Med sigeren passerte Syril Jølster på tabellen og nærmar seg laga i toppen av tabellen. Neste kamp er borte mot Hornindal. Med siger der har laget lagt alt til rette for ein spennande haustsesong.

Trond Vegard Ripe sette inn Jølster sitt trøstemål på overtid.

Kampfakta:

4.divisjon, Syril stadion

Syril - Jølster 5 - 1 (2 - 0)

1 - 0 Jan Tore Slinde, 2 - 0 Terje Thorsnes, 3 - 0 Erlend Husabø, 4 - 0 Ruben Tøfte, 5 - 0 Eirik Stensvand,

5 - 1 Trond Vegard Ripe.

Dommar: Torstein Kvam, Årdal FK

SYRIL: Geir Ove Røysum, Vegard Røysum, Helge Fimreite, Terje Kvam, Joar Strand, Cato Aalen, Joar Ølmheim, Bård Henjum (Tor Mikkel Tokvam frå 70.), Erlend Husabø (Ruben Tøfte frå 64.), Terje Thorsnes (Eirik Stensvand frå 83.), Jan Tore Slinde (Jan Remø frå 71.)

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.