Tidenes potetstart

Fem dagar før i fjor, god kvalitet og betre pris for dyrkarane.

Publisert 16.06.2008 kl 17:47 Oppdatert 17.06.2008 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:

...
KNALL: Slik ser dei ut - årets første nypoteter frå Lærdal.

Nypotetene i Lærdal har hatt ein knallstart.

– Det har aldri vore ein så tidleg og god start med eit så godt sal den tida eg har vore her, seier Kåre Øyri, dagleg leiar på Lærdal Grønt.

Dei fyrste potetene vart tekne opp søndag og forsvann i går kveld med trailer til Bama i Bergen.

– Det er «Juno» som vert teken opp denne fyrste veka, og neste veke kjem også noko «Rut», seier Øyri.

Godt vêr i starten

Medan dei fyrste potetene i fjor vart tekne 20. juni, kunne Jon Magne Glitre allereie søndag ta dei fyrste potetene opp av jorda.

– Det er fyrste gong eg har teke poteter den 15. juni, i alle fall. Me fekk mykje sol og høge temperaturar på potetene under fiberduk i slutten av april og heile mai, så det var ein svært god start. Det kravde mykje vatn, men me har bra vatning her, så det var ikkje noko problem, seier Glitre.

Det er fyrste gong han prøver ut potetsorten «Juno».

– Den vaks veldig fint på sandgrunnen som eg har her, og potetene er fine og blanke.

Store og jamne

Like gledeleg er det nok at 70 tonn poteter alt er seld denne fyrste veka. I fjor vart det ikkje seld meir enn tjue tonn i opningsveka.

– I utgangspunktet skulle me ha levert 45 tonn, men me tek opp etter korleis etterspurnaden er, så då er det svært bra at det vart enno meir. Det skal gå trailerlass med poteter kvar dag herfrå no. I neste veke skal me opp i 100 tonn produksjon, og eg reknar med at salet skal verta like bra, kanskje enno betre. For når me no får levert desse som ser så flotte ut, kan det no ikkje verta dårlegare sal, seier Kåre Øyri.

Han tykkjer altså kvaliteten på potetene er svært bra.

– Dei fyrste potetene som kom her var utruleg flotte. Det er svært jamn storleik, så då vert lite vekke.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.