Tidlegare Sogndal-spelar Lea Willumsen (24) frå Danmark er no klar for Kaupanger. (Foto: Kaupanger IL)

Danske klar for Kaupanger

Lea Willumsen (24) har skrive under for Kaupanger.

Publisert 02.02.2018 kl. 10.27.

- Lea har trent med oss sidan desember i fjor og har vist at ho vil vera eit solid tilskot i stallen, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.


24 år gamle Willumsen har tidlegare spelt for IF Centrum og Horsens SIK. I fjor spelte ho for Sogndal i 3. divisjon. 


- Lea er midtbanespelar som kan nyttast både sentralt og offensivt. Ho er aggresiv i spelestilen, dekkar store rom, har solid speleforståing og er teknisk god. I tillegg har ho ein god skotfot, seier Rinde, som er godt nøgd med å få dansken på plass i Kaupanger.


- Me har følgd ho sidan ho kom til Sogndal og vurdert ho heile vegen. No var det på tida å henta ho. Dette er ei viktig og rett forsterking, seier han.


Willumsen studerer til dagleg friluftsliv ved Høgskulen på vestlandet, og seier til klubbens nettside at interessa for friluftsliv, norsk natur og ski var det som lokka ho til Sogndal. Den nye Kaupanger-spelaren ser fram til å spela toppfotball att, der målet er å spela seg inn på laget.