STRAFFE: Martin Ramsland skaffa Sogndal straffespark på overtid av første omgang i heimemøtet med Sandefjord. (Foto: Håvard Nesbø)

Bye banka inn vinnarmålet seks minutt på overtid!

Innbytar Bendik Bye blei den store helten då han banka inn 3-2 i kampens siste sekund då Sogndal slo Sandefjord på Fosshaugane søndag.

Publisert 04.06.2017 kl. 17.26. Oppdatert kl. 20.36.

Kvarteret ut i kampen tok Sandefjord leiinga, på det som må kallast ein enorm tabbe av landslagsuttekne Mathias Dyngeland.


Bortelaget slo eit frispark inn frå høgre, Dyngeland kom på først på ballen, men utan press frå motspelarar boksa han den rett i Kjetil Wæhler, slik at ballen trilla tilbake i det opne målet.


Men Lars Bohinens mannskap var ikkje lenge i himmelen. Sandefjord rota det til i eige forsvar då dei skulle klarera, slik at Martin Ramsland plutseleg fekk ballen på 18 meter. Keeper Ingvar Jonsson kom ut, men spissen sette ballen kaldt mellom beina på sisteskansen og i mål til 1-1.


Knøtteforsvar

Sandefjord var det førande laget på Fosshaugane før pause, og var berre centimeter frå å ta leiinga på ny etter 28 minutt, då Victor Demba Bindia skaut i stolpen etter corner.


Seks minutt før pause kom målet, på ny etter forsvarsspel ein helst berre ser på knøttenivå frå Sogndal si side. Debutant Kristinn Jonsson var uoppmerksom og tapte ein duell med André Sødlund ute på venstresida. Dermed var det fritt fram for spissen, som drog seg inn i boks utan nokon form for motstand, og enkelt sette inn 1-2 bak Dyngeland.


Raudt kort - utlikning

På overtid av første omgang heldt dramatikken fram på Fosshaugane. Bortelaget rota på ny i duell med Ramsland inne i boksen, spissen kjempa seg til skotposisjon, men enda opp med å bli riven ned av Christer Reppesgård Hansen.


Midtstopparen fekk raudt kort etter ta-frå-klar-målsjanse-regelen, medan Gilbert Koomson var sikker frå straffemerket og sette ballen midt imål til 2-2.


I siste sekund

Etter pause skjedde det lenge lite, då Sogndal ikkje fekk fart på ballen og Sandefjord drap tempoet i kampen ved å liggja nede så ofte sjansen baud seg.


Først i det 66. minutt var Eirik Bakke sine menn nære på. Chidiebere Nwakali chippa elegant Eirik Schulze i gjennom, men åleine med keeper fekk sørlendingen eit litt for dårleg touch, slik at Ingvar Jonsson fekk hanskane på kula.


Deretter skjedde det igjen lite, før innbytar Bendik Bye tok ansvar seks (!) minutt på overtid. Spissen fekk ballen litt ute på sida inne i boksen, drog seg litt ut over i bana før han banka inn 3-2 til ellevill jubel frå medspelarane og publikum.


Dermed tok Sogndal sesongens fjerde siger, og klatra med det til 9. plass på tabellen.


Siste saker Gå til framsida