Braut reglane for køyre- og kviletid

Publisert 07.12.2017 kl. 06.22.

Til saman seks av sjåførane som vart kontrollerte under tungtransportkontrollen på Håbakken onsdag kveld, hade forgått seg mot reglane for køyre- og kviletid. For ein av sjåførane var dette sopass alvorleg at han vart meld til politiet.


For dei fem andre sjåførane vart sakene sende over til føretakskontrollen til vidare behandling der.


I løpet av dei seks timane kontrollen vara, var 131 tunge køyretøy innom kontrollplassen, og av desse vart 22 kontrollerte. Dei to kontrollørane skreiv ut mangellapp til åtte køyretøy, medan sju køyretøy fekk bruksforbod.


 


Siste saker Gå til framsida