BARNEHAGE: Stedje barnehage heldt til i Stedjetunet. Barnehagen og kommunen arbeider for å finna nye lokale for barnehagen, og har funne ei mellombels løysing for i dag, måndag. (Foto: Ørjan Talle)

Mellombels barnehageløysing måndag

Stedje barnehage, kommunen og foreldre har funne fram til ei mellombels barnehageløysing for i dag, måndag 4. desember.

Publisert 04.12.2017 kl. 06.24. Oppdatert kl. 07.03.

Stedjetunet, som vart råka av brann søndag kveld, innheldt både barnehage og kyrkjekontor. Samt at eit arkitektkontor hadde kontorlokale der.


Måndag kveld melde Sogndal kommune at kriseleiinga i kommunen var samla, saman med Stede barnehage, kyrkjekontoret og andre leigetakarar i bygget.


Mellombels løysing

Barnehagen og oppvekstkontoret i kommunen samarbeider om å finna fram til tenlege barnehagetilbod for borna i Stedje barnehage. 


Saman med foreldre har dei fått til ei mellombels løysing på barhagetilbodet for i dag, måndag.


- Fleire innbyggjarar har vendt seg til kommunen og stilt hus til disposisjon for dei som held til på Stedjetunet. Dette set kommunen stor pris på, skriv Sogndal kommune på heimesida si.


Ettersløkking

Den store trebygningen på Stedjetun var måndag morgon utbrunnen innvendig. Hjå Alarmsentralen i Florø seier operasjonsleiar Rysjedal at alt inventaret i bygget er øydelagt.


- Brannmannskapet driv no med ettersløkkingsarbeid på branntomta, seier han.


Les meir om: Nyhende Sogndal Beredskap

Siste saker Gå til framsida